torsdag 30. mai 2013
mandag 27. mai 2013
I det siste…
..har det ikkje skjedd så mykje handarbeidsmessig. Det er mest småting som ikkje er noko å blogga om.
Men eg har fått bursdagsgåve på forskot av min kjære, og den har teke av tida mi ; ein ny bærbar pc som har fått mine små grå til å bryna seg. Det ser ut til at eg har funne ut av det viktigaste no – som blogging og bilete – så det er berre å snu seg rundt og finna nål og tråd att
Ellers har me vore på tur. Min kjære og prinsessa hadde ikkje sett den fantastiske Jøssingfjorden, med Helleren og alt det flotte rundt. Biletet over er frå utsiktspunktet over fjorden.
Og dette biletet av min kjære er teke ved parkeringsplassen like ved Helleren. Frukttre i full bloming.
Skulle du nokon gong vere på desse kanter, kan eg ikkje anna sei enn at det er verdt ein ekstra omkøyring med å ta rv44 mellom Flekkefjord og Egersund.
lørdag 18. mai 2013
Pølsekrig
Det er jammen ikkje mykje som skal til for å gleda eit kattehjarta ; eg hekla ei neonrosa minipølse til Jellybelle, fyllt med fyllvatt og ‘cat-nip’ og la den på golvet….
Me må berre sjå kor lenge pølsa klarer seg, for den får gjenomgå mange gonger om dagen ;)
fredag 17. mai 2013
Gratulera med dagen!
nokon skal feira den saman med vener som har nær tilknytning til Sveits og Russland. Difor vert det markert med desse flagga også. Eg kryssar fingrane for at kaka fell i smak hjå alle.
Kvit Dame heiter kaka. Fyllet er makronbotn, jordbærsyltetøy, fløte og sukkerbotn. Eit marsipanlokk på toppen, pynta med marsipanroser og –flagg, dekorgèle og tørka kornblomer. Sløyfebandet er knytta enkelt rundt, og er berre å fjerna når kaka vert spretta.
Måtte dagen vera fin for deg og dine!
Siri
tirsdag 14. mai 2013
Skjønn kosekanin
Denne vesle kosekaninen har allereie funne sin hengjevne eigar. Prinsessa tok imot den med opne armar.
Det er mest så eg har lyst på ei lita korg full av desse.
Oppskrifta fann eg HER.
søndag 12. mai 2013
Vårleg strandkos
Prinsessene kosar seg på nistetur ved stranda. Me er utruleg heldige og har mange kilometrar med sandstrand i nærområdet. Det er slettes ikkje mykje trengsel om plassen heller no utanom badesesongen..
torsdag 9. mai 2013
Kveldskos saman med prinsessa
I går kveld fekk eg nok ei ekstra stjerne i boka hjå prinsessa. Kveldsmaten fekk form av stjerne og kone. Eit lite sugerøyr i mjølka gjorde smaken betre.
Etterpå sat me saman i sofaen og las rim, regler og rare sangar frå ei bok som eg brukte mykje som barn ; ‘Barnet i liv og lek’, av Thor G. Norås frå 1976.
Tippe høne satt på gjerdet,
Tippehøne datt ned.
Ingen doktor kunne hjelpa,
Tippehøne var død.
~~*~~
Når du blir gammel
og ingen vil ha deg
så sett deg på taket
og la kråka ta deg.
~~*~~
En nisse
måtte tisse
Han gikk bak et gjerde,
der fant han en pære,
pæra delte han i tre :
en – to – tre.
~~*~~
Siri
onsdag 8. mai 2013
♥ Tjorven ♥
No har eg kjøpt meg den dokka eg hadde såååå lyst på då eg var liten. Tjorven-dokka, så blid og glad. Det er godt eg har ei prinsesse i huset, slik at eg har unnskyldningar for mine barnslege impulsar ;)
Siri
torsdag 2. mai 2013
Kaffi på tur
Eit lite prosjekt ~ etui til kaffiposar. Min kjære ertar meg stadig for å alltid ha med meg alle moglege slags saker, same kvar me skal. Her er nok ein liten sak som får vera med heretter. Ein kan jo aldri vite ; plutseleg kan man jo få lyst på god kaffi når man er på tur…?
Etuiet er strikka i Føn på pinne # 3,5. Her har eg putta 3 kaffiposar oppi, og kan nok få plass til eit par til, om eg vil. Planen var å sy eit lite motiv på etterpå, men det vart ikkje noko av. Eg kjem til å strikka kaffietui til gåveskuffa, og då vil eg gjera meg litt meir føre, med tanke på utføring.
Siri